Hitlers Hungerplan

Jødiske fanger under andre verdenskrig.
Foto: Lt. Arnold E. Samuelson/National Archives

Utsvelting var ein viktig strategi i folkemordet på jødane. Hitler blei tidlig klar over makta som låg i kontrollen over maten.

Svolt og underernæring var ein viktig årsak til Tysklands nederlag under første verdskrig, meinte Adolf Hitler. Då han leia Tyskland inn i den andre verdskrigen, blei det derfor viktig for han å sikre nok mat til tyske soldatar. Eit sentralt punkt i nazistanes partiprogram handla om Lebensraum; vekst og ekspansjon for det tyske folk. Den germanske rase blei sett på som overlegen, og ideologien rettferdiggjorde overtaking av landområder og matforsyningar frå dei som var rasemessig underlegne – som polakkar, slavarar og jødar.

Då Tyskland planla invasjonen av Sovjetunionen i 1941, var det å skaffe mat til tyske soldatar og sivile ein viktig del av strategien. I referata frå strategimøtene står det at millionar av lokalbefolkninga truleg ville døy av svolt når tyskarane forsynte seg av deira mat. Men det blei ikkje sett på som eit problem; ein månad seinare rulla panservognene inn i Sovjet. Det var dette som blei kalla Der Hungerplan. Om lag 7 millionar sovjetiske sivile, jødar og ikkje-jødar, døydde som følgje av Der Hungerplan.

"Om vi dømmer 1,2 millioner jøder til døden gjennom utsulting, vil nok de færreste legge merke til det. "
Hans Frank, tysk guvernør i det okkuperte Polen, dagbokinnlegg
Matplanen i leirane

I folkemordet på jødane spela også svolt ei sentral rolle. I dei jødiske ghettoane blei tilgangen på mat styrt med hard hand: Nazistane bestemte kven som skulle få tilgang på kjøt eller loff og dei jødiske butikkane hadde eit veldig avgrensa utval. «Det er vanskeleg å sei kor mange jødar som døydde av svolt», seier Anette Homlong Storeide, som er forskar ved Falstadsenteret. «Mange av dei som døydde i gasskammera eller under transport til konsentrasjonsleirane, var allereie avmagra».

Høyr podcast-episoden vår om Hitlers hungerplan og intervjuet med Anette Homlong Storeide her.

Distribution of bread to Soviet prisoners Ukraine, July 1941. Photo: Hübner, Bundesarchiv

SS og Reichssicherheitshauptamt (RSHA) hadde vedteke ein generell matplan for leirane. Fangane som sat i Auschwitz, skulle få tre måltid om dagen. Det første var ein slags erstatningskaffi, utan sukker. Andre måltid skulle bestå av ein liter suppe med rotgrønsaker og gryn. Til dagens siste måltid skulle dei få 300 gram mørkt brød med anten litt pølse, margarin eller ei spiseskei syltetøy eller ost.

Storeide seier ho aldri har høyrd om nokon som faktisk såg eller åt desse matvarene, bortsett frå margarin ein sjeldan gong. Det siste året av krigen var brødrasjonen nede i 50 gram dagen.

«Dette var ein plan som neppe stemte i praksis og må lesast som ein slags ‘reklame’ for å skjule kor dårlege forholda i leiren eigentleg var. Generelt fekk fangane knapt feitt og proteinholdig mat. Dette blei sett på som verdifulle matvarer som skulle sparast til den tyske befolkninga.», fortel Storeide.

Kombinasjonen av lite og dårleg mat og hardt fysisk arbeid førte til avmagring. Mange blei sjuke av svolt. Om nokon blei for svake til å arbeide, risikerte dei å bli sendt til gasskammeret.

"Du kjenner smaken av kaker, du kjenner smaken av kjøtt – du kjenner smaken av det du ikke får. Vi mennesker er egentlig veldig sårbare, avhengige som vi er av mat og drikke. En liten skalk om morgenen klokken fem. Det var det vi fikk, og så denne skåla med det svarte vannet. "
Jakob Lothe og Anette Storeide: Tidsvitner. Fortellinger fra Auschwitz og Sachsenhausen

Anette Homlong Storeide har skrive doktoravhandling om norske fangar i Auschwitz og har forska på augevitneskildringar frå konsentrasjonsleirane. «Alle fangane i konsentrasjonsleirane svelta. Men jødane svelta mest.» Fordelinga av maten i leirane viser kor gjennomført rasistisk denne ideologien var, fortel ho.

«Ikkje-jødiske fangar fikk motta matpakkar frå Røde Kors og pårørande, men det fekk ikkje jødane. I nazistanes verdsbilete var det jødane som sto nederst på rangstigen. Det blei ikkje sett på som eit problem at dei svelta i hel. Det var tvert om ønskja.»


TYSKLAND I FREDSPRISUTSTILLINGEN 2020

Title: “Dreams to ashes”. Country: Germany. Nazi Germany saw starvation as an effective way of implementing Holocaust, because it would attract less attention. Photo: © Aida Muluneh for the Nobel Peace Center.
Foto: Alexander Voroncov / Wikimedia Commons
Ill: Vivi Holtfodt / Nobels Fredssenter

Då vi skulle lage Fredsprisutstillingen 2020 ønskja vi å vise korleis mat blir brukt som våpen i krig og konflikt. Den anerkjente etiopiske fotokunstnaren Aïda Muluneh fekk i oppdrag å lage ein fotoserie med ti bilete som illustrerte ti ulike land og konflikter der mat har blitt brukt som eit maktmiddel. Nazi-Tyskland er eitt av eksempla. 

Biletet har fått tittelen «Dreams to Ashes» og er oppkalla etter ei strofe i eit dikt av den jødiske fredsprisvinnaren Elie Wiesel. Motivet har kunstnaren henta frå bileta ho såg i historiebøkene då ho lærde om Holocaust: «Jeg husker godt bildene av fangene i konsentrasjonsleirene, og stoffet som hang på de utmagrede kroppene».

 I videoen under forklarar Aïda Muluneh meir om biletet: 

Utstillingen er støttet av Yara International (Nobel Peace Prize Celebration Partner 2020) og Canon Europe (print partner) og støttespiller Bergesenstiftelsen.